lørdag 16. mai 2015

Cuba, Castro og cruise. Del 2


 
 
 
 
 
 
 
Cuba, Castro og cruise.

DEL 2
 



Klikk på bilda så blir dei større.






Det var tittelen på den fantastiske turen vi hadde i mars /april.
Vi reiste med Albatros
og vår hyggelige og kunnskapsrike
guide var Åse.

På denne reisa hadde vi to overnattinger i Varadero,
så fem overnattinger i Havana.
Deretter fekk vi oppleve Karibias varkeste, største og mest sagnomsuste øy
Cuba langs sjøveien.
Vi hadde også ein avstikker til vakre Jamaica.

Dette er den siste delen, bilder fra cruiset, eg no vil dele med doke.

På dette blogginnlegget
blir det bilder fra båten, stader vi besøkte og og dei mange fantastiske opplevelsene vi hadde undervegs.



Etter to dager i Varadero og fem dager i Havana,
var vi no klar for nye opplevelser på cruise.
 
 



 


Det er tidleg morgon, og utsikta fra hotellrommet vårt er like fin som tidligere:-)
Koffertene våre er pakka og henta og vi har fått frukosten i magen.


Her er vi i resepsjonen på det nydelege hotellet vårt
Melia Habana



Åse informerer oss litt om turen til båten, innsjekking og programmet videre for dagen


Turen inn til havna gjekk fint
og etter innsjekking med pass, visum og febermåling, var vi spente på å sjå lugaren som vi skulle bu på dei neste sju dagane.


Litt fotografering fra dekk,
utsikt over havneområdet




Forholda på båten var flotte og lugaren heilt ok.
Dei var ikkje lenge vi var om bord på båten, for snart vart vi henta
og tatt med til ein fantastisk biltur med gamle amerikanske bilar gjennom Havanna.


Turen langs Malecon som strekker seg 8 km langs kysten av Havanna,
 var nesten som eit eventyr...
Flotte gamle biler, denne fantastiske byen som til dels var til nedfalls, men likevel så utruleg vakker...






...og oss som var på tur og var glade og fulle av forventningar og opplevelser...:-)







Så er vi framme i denne eventyrskogen som Åse ville vise oss.

 





Grøn, fint og frodig i denne parken....

 
 
....ein oase i sentrumsområdet av byen.
 


 

Atle får prøvesitte i førarsete i denne blankpolerte flotte bilen, men sjåføren passa på at han ikkje fekk røre nøkklene...:-)

 
....stilige baksetepassasjerar...!
 
 
Cubas største Tarzan tree
 

Vi besøker nå
Hotel Nacional de Cuba....

 
.....som har hatt mange berømte historiske personer som gjester...
....som i dag...
Thor Heyerdahl er også avbilda på veggen.



I godt selskap...:-)



I baren held barkeeperen på med å mixe drinkar til oss....


....mojito, sjølsagt....!!  21 stk, por favor !

 
Så etter flott og spennande besøk på dette hotellet, med mojito i glasset og glamoroøse bilder på veggene, kapra vi denne flotte 1937.-modell taxien med stilig sjåfør og kom oss fint tilbake til båten.
Cruise-skipet  skulle ikkje gå fra Havanna før seint på kvelden
så vi brukte ettermiddagen til å gjere oss kjent på båten
 

 Båttrafikk på havna


Det var varmt, og karane fann seg ein plass i skuggen

 
Då sola gjekk ned over Havanna,
innvia vi cruiseskipet med ein nydelig middag om bord med etterfølgende show og underholdning i skipets lounge.

 

Ved soloppgang begynte vi den nye dagen på havet med kurs mot nordaust.
Det var spennande, fantastisk og vi gleda oss til å nyte dei Karibiske breddegrader.



Ennå er det tidleg morgen og god plass på solsengene.
Det var også god plass på skipet og aldtri trengsel av betydning,
så vi kosa oss og fekk ei god dose med sol denne dagen




Alltid noen over alt som passa på at alt fungerte
 slik at vi fekk ei mest mulig behagelig reise.


...og det fekk vi...:-)
 

Tida går fort når vi er på reise og opplever nye ting kvar dag.
Slik såg starten ut på dag 9 på vår reise




....der er også nokre amerikanarar om bord.


Har alltid synst at dei tidleg morgontimane er fantastiske, slik er det her også...:-)





Vi ankrer opp ved Antilla, Nipebukta.
Dette er i provinsen Holguin



Mottakelse på land med dans og musikk!



Antilla er ein liten by der eit av dei store slaga i den spansk-amerikanske krigen fant stad i 1898.


I dag ein roleg by med enkle transportmidlar !
 
 




Fargerikt bygg med flotte gelender og gitter!



Provinsen Holguin  er på 9300 kvadratkilometer og har ca 1,5 mill innbyggarar.



 
 Kø foran butikken der folk kan bruke rasjoneringskorta sine.
Det er fortsatt rasjonering fordi det er mangel på eindel grunnleggande daglegvarer.


Columbus kom hit på si første reise i 1492.....


.....og erklærte det for å vere ein av dei vakraste stadane menneska nokon gang har sett !



Det var grønt her, men ikkje så grønt...
Bilda er tatt igjenom farga bussvindu, så derfor denne kvaliteten på bilda...








Vi skal på visitt til ein skule.
Elevane tek imot oss med sang og musikk.
 


Ei av jentene hadde ein flott oppvisning i flamenco for oss !




Flotte barn !


Åse deler ut skrivesaker til elevane.


Vi hadde lov å fotografere, og elevane gøymde seg ikkje bort !




Å, for noen nydelige barn !!


Det er gratis skulegang for alle frå førskule til universitet på Cuba.
99,8% av befolkninga er lesekyndige!


Også her figurerer revolusjonshelten Jose Marti som forbilde !


Om utdanningsystemet er på toppnivå,
er det verre med vedlikehald av skulebygningar og magel på bøker og papir.



....sykkeltaxi.


...hestetaxi.



Papirprodusjon av avfallsråstoff !


Arbeidskrevande produksjon..!






I Holguin by er det voldsom trafikk med alle slag taxier og andre framkomstmidler !


populære kakeselgarar..
....mange som produserar kakar o.l og går rundt i gatene for å selge for å få litt ekstra til livets opphald!


....yrande liv...


....og kjærestepar...!


Utsikt over Holguin
 

.....staden for å ta dei 458 trappetrinna opp, tok vi bussen...!


....og utsikta er fantastisk !


Også her er mykje forfall.




"bussen" er full !
Dette er ein rimelig måte å reise på for cubanarane, og det går mange slike og liknande køyretøy overalt.







Denne palma er det kubanske nasjonaltreet ;
Royal Palm- Kongepalma.


Palma ser vi overalt på øya.....


......og den brukast som tømmer og taktekking.



Flotte landskap....


.....og koselege hus.




Skulejentene tar ein pause på heimvegen...



Ventar på bussen ?


Tilbake i Antilla


Familieprat...


Bestefar passar på småjenta...


....nydeleg jente


....og kry bestefar og kamerat !
 

Ein fin opplevelse å møte desse tre vakre, små og store mennesker .




 
 M/V Louis Cristal ventar på oss.


....det er litt forskjell på sjø- og landtransport.


Før ombordstigning måtte kokosnøttene smakast på.....




....og nokre suvenirar måtte kjøpast.


Cuba, Castro og Cruise...:-)


Tankefull...


Og avskjeden var like flott som ankomsten med flotte dansarar og cubanske rytmer.




Ut på havet igjen.


....litt soling før....



....den gode kveldsdrinken på dekk 5...


Vi har det godt !


Ny dag



Nok ein fin morgenstund....


....før soloppgangen.


Solsengane må på plass....


....og sola er her igjen...


....så det blir nok ein fin dag !


Innfarten til Santiago de Cuba.



Vi passerar bebyggelsar langs strendene som er både gamle og av nyare dato.....


....men interessant å sjå på.




Roleg, og forventningar stig om bord....





Oljeraffeneri.








Vi legger til kai.


Første stopp på utfarten idag er ein gravstad, men først måtte vi ordne billetter hos dama med dei lange neglene....!


Ifigenia-kirkegården blei oppretta i 1868 for å gravlegge ofra fra uavhengighetskrigen.


Mausoleo de Jose Marti.
Frigjeringshelten.


Kyrkjegarden omfattar enorme mengder med skulpturar av marmor og grafitt og andre verdifulle materialer for å hedre sine avdøde slektningar.


Fantastiske kunstverk på disse gravene.


Vaktskifte ved mausoleet.


Stilige vakter.



Vaktskifte kvar halve time.


Statue av Jose Marti inne i mausoleumet.


Bilder frå Santiago.



Santiago var Cubas første hovudstad og blei grunnlagt i 1514.


Statuar av gamle heltar er det mange av....!


Vi skal over sundet med denne catamaran til lunsj.




....og her på øya ligg restauranten....


....men først måtte vi helse på den gamle dama med hunden på flytemadrassen!


......dama fekk nok noen konvertible og var fornøgd,
men hunden trur eg hadde ønska seg ein anna plass...


Fin beliggenhet!




Utfart til festningen San Pedro de la Roca
som i dag står på Unescos verdensarvliste.


Piratane og kaparane har mykje historie her.


Avslapping....!




Utsikt frå borga.


Har full kontroll over innseglinga til Santiago !


Festningsverket blei bygd pga dei mange angrepa av piratane og engelske kaparar!



Mektig byggverk!


Er nå på omvisning av i det eldste spanske huset på Cuba.



Mange flotte gjenstandar og møblar.


Spesielt interiør med fint treverk.






Takk for god guiding  hr. direktør !


Casa de La Trova


....musikantar...


Gateliv i Santiago.



Så, etter ein flott og opplevelses dag, er vi tilbake på skipet.



Vi tar farvel med byen og folket...


 




 
Så er denne tida i Santiago de Cuba over, og vi dreg vidare på cruiset !
 
Ny dag, og vi er på veg til Jamaica.
 
 

Jamaica er sjølstendig stat i Karibia med knapt 3 mill innbyggarar.


Innfarten til Montego Bay, Jamaica


Montego Bay er ein av dei største byane på øya.


Jordbruk er sentralt i landet sin økonomi, men landet er fattig med store økonomiske og sosiale problemer.



Øya var opprinneleg befolka av Arawaker, men etter koloniseringa av Columbus blei urbefolkninga drastisk redusert iløpet av kort tid.



På Jamaica besøkte vi Doctor`s Cave Beach Club, ein av dei mest berømte strendene på øya!
 

Som turistar har vi det veldig bra og vi får håpe at turistinntektene etterkvart kjem dei innfødd til gode!


Fantastiske strender og herleg badevatn.




Innfødte kosar seg i utkanten.
ca .90% av befolkninga er av afrikansk bakgrunn.


....du verden kor fantastisk....




Flott dag med total avslapping !



Tilbake på båten måtte Fred til frisøren....!


Forlot Jamaica i overskya og lett regn!




Det bur ca 2 mill jamaicarar utanfor Jamaica, mange har emigrert til USA, England og Canada.




Takk for i dag, Jamaica !


Er no tilbake i cubansk farvatn og er på veg inn til Cienfuegos på Cubas sørkyst.


Cienfuegos er ein havneby på sørkysten av Cuba.
Den vart grunnlagt i 1819, ligg 250 km sør for Havanna,
har rundt 150 000 innbyggarar og er provinshovudstaden i provinsen Cienfuegos.


Då spanjolane kom til området tidleg i det 16. århundre kalte dei området Caciacazgo de Jagua (Jaguas maktområde) truleg oppkalt etter indianarane som budde der.


Masse folk på land som vinka til oss på cruiseskipet ...
slik som vi gjer i Norge når dei store cruise båtane passerar oss i vestlandsfjordane....


Jagua-festningen, bygd i 1745



Her som andre plassar er det mykje gammalt og forfalle.



Det er interessant å sjå korleis folk bur her langs strendene.





På Cuba blir byen gjerne kalla "Sydens Perle" eller "Havets By".....


...... og byen reknast som ein av Cubas vakraste med sine mange praktbygninger i Spansk kolonistil.



Smijern overalt på bygningane.


Smijernarbeidet er blant det beste innan spansk smijernstradisjon.
Oversatt til norsk betyr Cienfuegos dei "hundre flamme"
Dette på grunn av alle smijernsdekorasjonane.



På land ventar sykkeldrosjene på oss!
Vi skal nå på bytur med denne flotte gjengen.





 




Pause undervegs i ein artig kunstpark.





Fanga opp gateliv i denne byen og!


På Cuba kallast denne byen gjerne for "Sydens Perle" eller "Havets By"



...kjekt med ein liten knert  på baklomma...:-)


I 2005 vart ein stor del av byen freda av UNESKO og vart erklært for å vere det beste eksempel på tidleg spansk byggeskikk og byplanlegging i den nye verda.


.....gatelangs....



Tilnamnet "Havets By" tilseier at byen står sterkt innan fiske og fiskeforedling. Reker, hummer og eit variert antall fiskesorter blir bringa i land her.



Så har vi ei artig stund på bar, der vi vart teikna og fekk bilder av oss i alle varianter...:-)
....tror ikkje du var heilt fornøgd...?...


.....men det var karikaturtegnaren !!!


Så vandra vi videre...




......blide og fine...!


Så er ennå ein dag tilbakelagt og vi reiser videre.




Cubanarane har det ikkje så enkelt; ikkje direkte fattigdom, men må klare seg med enkle boligar og mange under samme tak.
 

 
....og tomtelandet og strendene blir godt utnytta!
 


 






 
Idyllane er der !
 



I nyare tid spelte Cienfuegos ein rolle i oppstanden mot diktatoren og presidenten Batista, og 5. sept 1957 gjekk ei gruppe yngre offiserar til væpna opprør mot han.
Opprøret tapte dei og gjenlevande flykta opp i fjella der dei seinare slutta seg styrkane til Che Guevara og Camilo Cienfuegos.
 




Vi takkar for oppholdet og dreg vidare.
 


Så er vi på veg til Punta Frances,
"eventyrøya" Isla de la Juventud.
 

 
Livbåtane blir klargjort for ilandsetting.
 


....og dette ser lovande ut ! 

Juventud, Ungdomsøya, er ein av Cubas 15 provinsar og er bl.a kjende for sitrus-, banan- og krokodillefarmar...!
 


.....dette er eventyrleg !
 












 Dette må vere det ekte Carribien ?
 




Så er vi tilbake på skipet, der vi fekk ein flott ettermiddag på havet
i frisk bris og strålande solskin.
Ikkje alle var like begeistra for sola...:-)
 


Fantastisk å oppleve denne øya nokre timar med sol og bading på herleg starnd!
 




 
Underholdning om bord med sang og akrobatikk.




Cruiset er over, og vi nærmar oss Havanna igjen.
 


Innseglinga denne morgonen var flott og fargerik!
 


.....fargerik også på grunn av forurensning..!
 




Havanna er ein fantastisk by å besøke. Store kontraster og eventyrleg folkeliv.
 





Og her i havna legg vi til kai.
 






Alltid interessant å følgje med når båten legg til kai !
 




På besøk hos Habana Compas Dance.
 

 
Dei gav oss ein flott opplevelse med fantastiske Afro-cubanske rytmer!
sjå linken
 
 
 


 
Fantastisk flotte og dyktige jenter....
 


 
 .....som lever seg inn i rollene sine...!
 

Eir besøk til Habana Compas Dance kan vi anbefale på det beste!
 


 
Tilbake i gatene....!
 

 
Blir aldri lei av å sjå på dei gamle bilane i gatebildet!
 



På  besøk i den vakre Colon-kirkegården.
Ein enorm kirkegard med 800.000 graver og 1 million gravlagde, 500 store mausuleer, kapeller og familehvelv. 
 

 
Ingenting er spart for å heidre  sine forfedre!
 


 
Åse har mykje å fortelje her....og vi følgjer interessert med!


.....sjå på dette fantastiske arbeidet som er utført på disse gravstøttene !
 


 
Denne grava blir besøkt av tusenvis av mennesker for å hedre sagnet om barnet som ble gravlagt ved beina til si mor, men da grava ble åpna att, låg barnet i hennar armar!



Vi klarte kun å besøke ein liten del av denne 550 mål (55.000 kvm) store gravplassen!


Oppstilling for fotografering ....!

 

Og mat og drikke må vi ha nok eingong....!!!



....alltid ein god replikk !


Siste kvelden på Hotel Melia i Havanna.....


....som forutan god service og god mat....

 
 .....har eit flott uteanlegg !
 
 

Det nærmar seg slutten på Cubaopplevelsane, og vi må ta gruppebilde!
 

Og så er det avskjedsmiddag 
og må vi feire skikkeleg....
 

 
.....med god mat og diverse opptreden.....
 

 
...av våre medbrakte barkeeperar...!
Trur dette må blir ein  Pina Colada...:-)
 


 

Flott servert, gutter!
 

 
Takk for god service, seier Fred...
...og alle jentene får sin velfortjente klem :-)


Dei fantastiske musikantene som var med å gjorde kvelde  til ein flott opplevelse.


Signe kapra kokken,
og nå rekner eg med at han har fått sommerjobb på Grotle i Bremanger ...:-)


Fred tok jobben med å takke Åse for utruleg god guiding
 og oppkomme av historiske fakta om Cuba!
 
 Vidare takka han for eit fantastisk og humørfullt reisefølge.
 Vi er ein gjeng som har fått oppleve eit Cuba som har hatt lite utvikling i fleire 10-år,  og som har gitt oss minner for livet!  
 
 
.... Siw,  Åse, Arnstein  og alle oss andre sat med ei ei lita tåre i augekroken og lytta til Fred sine velvalgte ord.
 
Ein fantastisk kveld med nydelig Cubanske rytmer...!!
 
Så var det tilbake på hotellet der vi morgonen etter pakka kofferten for siste gang på denne reisa.
Vi hadde ein fin, men lang flytur heim.
 

 
Vi håpar handelsboikotten av Cuba snart tek slutt slik at cubanarane får ein betre kvardag og velstand !




Atle og eg og takke kvar og ein av doke for ein fantastisk fin tur.
Vi går no ei  flott tid i møte, og vi vil  ønske doke ein  vakker vår og sommer...
... og ein fin 17. mai.


Til alle andre som er innom bloggen
 vil eg takke for besøket og anbefale ein tur til vakre

 Cuba.


Ha ein fin kveld !