søndag 17. februar 2013

La Mancha - Andalusia. Jan. / Feb. 2013.





La Mancha - Andalusia
 


 
 Fra Campo De Criptana.



 Etter å ha tilbringa ei veke her i Altea, Spania er vi no klar for ein tur innover i landet.
 Solveig og Arne kom på uventa besøk til La Villajoyosa, og ilag med dei har vi planlagt ein biltur inn over på slettelandet.

Turen starta torsdag 31. januar kl 0900 frå Altea Hills.
Tok motorvegen mot Valencia, og køyrde av mot Albuferasjøen der vi hadde ein fin tur rundt rismarkene.
Rismarker i Spania ?? Ja, det er faktisk tilfelle
 

...og dei ligg her ved Albuferainnsjøane.
Store areal som blir sett under vatn og liknar på svære oppruta innsjøar

 
No hadde dei tappa ut vatnet, så det var nesten tørt land. Traktorane var i full gang med å pløye opp markene og gjere klar for vårens risplanting.
 


 Fekk også sjå fiskarane i sine karakteristiske båtar fra distriktet trekke fiskerusene sine.
 


 Hegren og måsen følgde med og venta spent på ein godbit :-)
 




Vi sette kursen innover i landet i retning Madrid.
Vi kom snart innover på slettelandet og her var det drueplanter så langt auge kunne sjå.
Noko som var like imponerende som alle drueplantene, var det knallrøde jordsmonet.
Plantene stod ennå med bare greiner, så fargen på jorda kom ekstra godt fram på denne tid av året.
 
 
 Denne dagen var det motorveg og transportetappe, så då var det berre å prøve seg på noen bilder i fart. Å fotografere fra liten bil er ikkje alltid så lett, då er det betre fra campingbilen...:-)
 

  
Dette er fra dei flate La Manchaslettene. Eg likar desse fantastiske slettene med sine åkrar, druerankar og dei flotte trea som vegs enten i klynger eller eit og eit.




 
Vi hadde eit lite stopp og matpause her ved ein restaurant i Motilla del Palancar.
 


Dagens mål var Belmonte i Castilla-La Mancha.
Dette er ein liten by som er ein del av ei turistrute kalla Don Quijote ruta.
 


 
 Her er m.a. ein gammal katedral og ei stor borg. Vi tok inn på eit hotell som heiter Palacio Buenavista Hospederia. Vi kom hit kl 17, og etter å ha innlosjert oss, gjekk vi ein tur rundt i byen..


 
 Det står nokre gamle vindmøller på høgdene rundt byen, og fra dei er det fin panoramautsikt over denne byen og høgslettene vi er på.
 






Byen ligg på ca 900 moh.
 



 Don Quijote i solnedgang...
 

 
 ...og bilder fra byvandringa...
  





 Det vart ein fin solnedgang, og borga tok seg flott ut mot den nydelege kveldshimmelen
 


 
 
Vi fann vegen tilbake til hotellet, og gjennom trange smug og trappeoppganger fann vi rette inngangsdøra.
Vi hadde god middag i resturanten på hotellet ; nydeleg biff med iberican-aroma, vin fra distriktet og flan til dessert..:-)
Tempraturen om dagen varierte mellom 14 og 18 grader, men etter solnedgang vart det merkbart kjøligare
 


 Var oppe ved soloppgang. Det var ein nydeleg morgon, iskalt, og tåke som låg som eit teppe nede på flatene. Vi hadde ikkje termometer, men tippa at det var rundt 0 grader.
Det er vinter i Spania også...

Etter ein god og lang frukost, var vi klar for ein ny etappe. 
Vi gjorde opp; 228 euro for 2 doble rom med frukost og 2 middager + vin,
 kaffi og desert..
 


Planen vår i dag var å køyre innom byane som låg på denne turistruta som vart kalla Don Quijote ruta. Informasjonen vi hadde om denne omfatta byane Belmonte, El Toboso,  Alcazar de San Juan, Campo De Criptana, Puerta Lapice og Cosuegra.
I alle desse byane var det gamle vindmøller, og dei var historisk knytta til segna om don Quijote og hans kamp mot møllene..

 
Kl 1005 køyrde vi fra hotellet med kurs for El Toboso.
Tempraturen steig raskt frå 0 til meir behagelege tal.
Det var tett tåke då vi starta opp på morgonen. Tåka letta heldigvis, men den låg i horisonten og laga ein intens farge over åkrane og dei enorme viddene...
 





Antal druerankar er enorme, og det skulle vore artig å komme tilbake her litt seinare på året.




 
 
 
 Vel framme i El Toboso køyrde vi litt rundt før vi kursa vidare til neste mål som var Alcazar de san Juan.




 
Men før vi kom så langt , kom vi til denne fortryllende gamle byen som heiter Campo De Criptana.
Her var det mange gamle vindmøller på ei høgd over byen, og desse vart fotograferte frå alle vinklar...:-)
 

Vi vart fortalt at her var det ein sjokoladefabrikk...
 


 Her vandra vi rundt i lang tid
 



 
Byen sitt fine kvitkalka gamle maurerkvarter, Albaicin Criptano, sprer seg ut nedanfor 13 vindmøller i den steinete åssida. 10 av opprinneleg 32 vindmøller, regionens største konsentrasjon, er restaurerte.
 

 
Her er staden der Don Quiojtes "skremmande og og uforstillbare eventyr med vindmøllene" fann stad, da ridderen gjekk til angrep på ei snurrende vindmøllevinge og vart kasta av hesten....:-)
 
.
Mange detaljer og artige figurer
 

 
...klokketårn...
 


...og vindmøller på rekke og rad.

  
 
Etterkvart vart det tid for noke i magen, så vi gjekk inn på ein restaurant, ( Cueva la Martina ) Der vart vi plassert i nokre grotter i kjellaren som var innreia til ein fantastisk lokale.
Her fekk vi ein skikkeleg spansk middag med dei mest fantastiske smakar.
 

 
Her var det spesielt.
Vi sat inne i ei lita grotte som hadde plass berre til oss fire, og maten vi fekk servert var så langt frå turistmenyar som det kunne bli.
Eller kva skal vi sei til ein porsjon svineblod, tillaga omtrent som vi lagar eggerøre ?
Vel, eg gav fra meg min porsjon her...
men som sagt, det var mykje anna godt, så vi vart godt mette...
 

 

 
 Dei fleste kafer og restaurantar har same systemet som heime i Norge med dagens meny, og
prisane ligg på rundt 10 euro for tre retter inkludert drikke.
Desse rettane kan kjøpast frå 12-tida til kl 4-5 om ettermiddagen.
 



 
Vi seier takk for oss til hyggeleg betjening i Cueva la Martina og køyrer vidare, men kutta ut stoppet i Alcazar.
 

 Neste by var Puerta Lapice..
 Der vi var opp på ei høgd ved byen.
Skal ein få litt perspektiv over området her på flatlandet, er det nødvendigt å komme litt opp i høgde...
Vindmøller var det her også...:-)
 



 
Etterkvart begynner også oliventrea å komme til syne...
 




Siste planlagde stoppet, Consuegra, vart også droppa, og vi køyrde istaden til Almagro.
Tida går veldig fort på ein slik tur, og det er best å finne overnatting litt tidleg på kvelden.

  
I Almagro tok vi inn på hospitset Hospederia Escudo.
Her kosta det 40 euro for eit dobbelrom (uten frukost)
Vi hadde ein tur rundt i området. I følge internett, skulle det vere eit heilt spesielt torg i byen, men  det var så kald vind at vi gav oss i første omgang på å finne det.
Lunchen fra tidlegere på dagen gav oss mettheitsfølelse ennå, så i staden for middag gjekk vi på byens fantastiske delikatessebutikk  å handla skinke, nydeleg manchego ost, oliven, vin og brød.
Eit nydeleg måltid som vart tilberedt på rommet...
 

På ein tur seinare på kvelden var vi her på Plaza Mayor.
 
 
 
Denne pene byen, som på 1500-talet var ein av Spanias rikaste, har La Manchas største Plaza Mayor med grønne vindusrammer over kolonnadene.
Her er to rader med bygninger med grønne tak og vinduer helt oppe av toskanske søyler.
Her var spesielt og spennande å sjå på desse spesielle bygningane.
I same området var her Open Air Theater, Nationale Theatre, Museum og Rådhus.
 

  

Vakna til ein kald morgon i dag og. Ikkje så kald som i går, og det hadde heller ikkje snødd...:-)
Frukosten vart reprise på nattmaten - med papptalerker og plastbestikk, ost pølser og skinke. Mette vart vi, og litt improvosere må til når ein er på tur...:-)
Tok ein liten runde på det spesielle torget, og der fekk vi oss kaffi på baren.
 



 Etter ein liten tur rundt i gatene i dagslys, starta vi igjen opp bilen...
Denne byen som i første omgang virka kjedeleg, vart ein flott opplevelse.
Skulle gjerne ha blitt lenger...
 


Her ser vi solsellepanel.
 
I dag var planen å komme oss litt austover slik at ikkje heimkomsten ikkje skulle bli altfor sein på sundag.
 



 Forsatt er det mykje drueplantasjer å sjå...
 

 
...i lange rekkjer...
 


Slike store leirkrukker var det overalt i desse vindistrikta.
 
Vi hadde blinka oss ut to stopp i dag : La Carolina som ligg sør for grensa til Andalusia, og Villacarrillo som ligg på vegen N-322 mellom Jaen og Albacete.
Vi køyrde frå Almagro kl. 0900 mot Valdepenas, og der svinga vi sørover langs A4 - E5.

 
  
Omtrent der vi kryssa grensa til Andalucia, køyrde vi av motorvegen, og køyrde gjennom ein nasjonalpark med svingete vegar, storslått natur, djupe kløfter og høge tindar.
Tre ørner krinsa også over oss og lurte sikkert på om dei kunne ta ein bit...:-)
Denne parken hadde ifølge kartet namnet Desfiladero de Despenaperros.
 


 
Verkelegheita er ikkje alltid like lett å få med på bilder - men det var høgt ned...
dette bilde er tatt frå ein utkiksplass på den vegen vi køyrde.


Små "byer" klorer seg fast  overalt i dei bratte fjellsidene.

 
Eit imponerende trafikksystem...
 

Tidleg på førmiddagen kom vi til La Carolina, ein koseleg liten by med festpynta gater og tsmykking som er vanleg i spanske byar når det er feiring og festivitas.
Her var det marked i dag. Solveig og Arne ville ein liten tur innom bodene, mens vi hadde ein rask tur byen på langs...
såg vel litt etter fotomotiv også...:-)
 



Byen er pynta til karnevalet som tek til den 15 feb. og varer ei veke.
vi var litt fortidleg ute, vi....
 



 
Det var eit nydeleg vær, men det var ein kald vind og det var tett før Devolden måtte på :-)
 



 
Vi hadde lest om desse to portane som var ved inngangen til byen og her er dei,
litt skeive på mitt bilde ...


 
Så er opphaldet over her også
 

 
 Vi set no kursen austover langs A301 og A312.
Dette er småvegar i spania, men standaren er mykje betre enn mange av dei beste av våre ..
Vi køyrer over idylliske små innsjøar - i ein av desse var vatnet heilt raudt pga jordsmonnet rundt - over høgdedrag med bratte , svingete vegar og ikkje minst gjennom milevis av olivenlundar...
 



 
...og gamle falleferdige hus...
 



 



...og gamle byar.
Med ein liten feiltakelse kom vi midt inn i denne "husklynga".
Det var ikkje store plassen, men vi runda noen hushjørner før vi kom ut igjen i det opne landskap...
Det er trangt i gatene, men det er her det ekte Spania er...
 



Her ser vi kva store nedbørsmengder på kort tid kan medføre...
  




Før vi kom inn til Villacarrillo, såg vi byar som kvite flekkar som låg på høgdene rundt om.
Vi tok inn på Hotel Las Villas, og åt eit godt måltid, dagens meny, til 12 euro.
 Denne bestod av  ein god middag med svinekjøtt, frå svineknoker til bacon og steikt svineskinke.
det var ein kraftig, men god mat.
Luncjane består ofte av mat som er spesiell for det distrikt du er i, og dette er ein av dei
ting som er spennande med å farte slik.
Vi går heller ikkje i turistkøer på slike turar.
 







Hadde ein fin kveld med både turar i byen og besøk på hotellbaren der vi fekk topp betjening med nydeleg tapas - manchego og skinke + mange andre ting...
Her var det fullt av folk i alle aldrar og ein fantastisk stemning ...

 
 Så er det ein ny dag.
det same fine været er det denne morgonen også. Kl. 8 er det ennå litt tidleg for sola. og ein tåkedis ligg over byen og åshøgdene.
Vi vart vist inn i baren igjen til frukost. Her var dei lokale stamgjestene alt på plass til ein morgonprat og ein svart kaffi med sukker.
Vi fekk kaffi, appelsinjuce, rista brød, syltetøy og marmelade +
ost og skinke :-)
Vi startar opp og snart ser vi tilbake på Villacarrillo som ligg der borte på høgda...
Det var igjen eit hyggeleg besøk i ein liten spansk by...
 
 
Sola er på plass og vi har starta opp på siste etappe.
Denne dagen skal vi køyre heim til Altea og La Villajoyosa, ein tur på ca 30 mil, alt etter kor lange og mange avstikkarar det vert frå ruta...
Det vil sei, når vi fire køyrer ilag har vi ikkje faste ruter, den blir til under vegs...:-)
men vi veit stort sett kor vi skal ende for dagen.
 


 Kl. 10 køyrde vi fra hotellet og etter 5 minutts tur var den første avstikkaren ein realitet :-)
Vi såg ein liten kvit by på ein topp ikkje langt unna.
Byen heitte Iznatoraf, og vi lurte ei stund på om vi kom heilskinna ned igjen på hovudvegen, for her var det bratte og smale "gater", men ei fantastisk utsikt over kilometersvis med olivenlunder rundt omkring på alle kanter.
Bilde over er på oppturen :-)
 
 
Ennå er vi ikkje på toppen - ikkje rart det er envegs....


 
 Men så er vi oppe og du for ei utsikt.
 

 
 her er det berre å nyte den friske lufta og den nydelege naturen.
Ja, det er oliventrer vi ser som dekker høgdene bort over her.
Dei står tett i tett på beine rekker så langt vi kan sjå...
 


Nedturen er heldigvis skilta...:-)
 

 Vi lurte felt på kor dette skulle gå og vi følgde nøye med på trafikken...:-)
det var iallefall tillat for gåande...
 


Og jammen for det ikkje ein moped same vegen
det gjekk også bra, sjølv om hunden vart rasande...:-)


 
Vel, då var det vår tur.
må innrømme at eg gjekk først og passa på at det var klart...
 

  
Her var det stopp - måtte rygge litt og ta til høgre...:-)
 


Så var det beine gater igjen...
 


 Her kom vi fram til ein plass med utsikt mellom husa...:-)
 

 
Spanjolene er flinke til å halde det reint utanfor husa sine.

  
Endeleg er vi nede og gata blir igjen ein tanke breiare...:-)
 

Vel nede kan vi kaste eit blikk oppigjen til denne vesle staden som ligg der oppe på toppen..
 


 Karane nyt den fine føremiddagssola...:-)
 


Vi hadde ein liten stopp for og diskutere vidare reiserute
Her er mange muligheiter og dei grøne vegane byr alltid på mykje fin natur.
Valget vart ein veg som gjekk igjennom Parque Naturale de las Sierras.
Denne gangen vart det ein lang avstikkar.



  
Først kom vi til ein liten by som heiter La Pourta del Seguera.
her var det samla mykje folk ute i gatene, og det small av fyrverkeri og kinaputter over alt...
 


 
 På elvebredda dreiv dei å laga til fyrverkeri som vart opphengt omlag  som klesnorer..:-)
Her skulle også vere prosesjon gjenom gatene.
Ka dei feira fekk vi ikkje greie på, vi reiste før den store smellen kom...:-)
 

 

 

I elva som renn gjenom byen ( trur den heiter Rio Guadalima ) var det ein festplass som såg ut som ein båt med rekkverk og master, og det var landgang ( bru ) på begge sider.

 
 Etter å ha rusla rundt litt og fått oss litt churros og kaffi, køyrde vi vidare.
 


Ikkje mange minuttane etterpå oppdaga vi noke nytt: ein kvit by, høgt, høgt oppe i fjellet.
 

Og øverst på det kvite var det sjølvsagt ei gammal borg...
Så gjekk turen oppover ennå ein gang, til byen Segura de Sierras med borg som ein mektig topp på byen.



 Vi gjekk dei siste hundre metarane opp til borga i sol og bitande vind, og fekk nyte ennå ei nydeleg utsikt over det spanske landskapet.
 


veit ikkje kven dette er, men han hadde nok interesant lesestoff og ei imponerande utsikt.
 

 

Flott utsiktspunkt for både den eine....
 

 
og den andre...:-)
Her er vi på 1200 meters høgde.
 
 
Oliven - alle desse småbyane har oliven og olivenolje som inntektskilde.
 
 

Turen ned igjen gjekk ein anna veg, og vi var inne på den opprinnelege ruta igjen.

 
 Timane hadde gått som ein røyk, og det var tid for påfyll til magen.
Vi stoppa i Siles, der vi var innom ein restaurant og fekk Menu del Dia, ein tre retters middag med salat, kjøttgryte ( med ein nydeleg urtesmak ) og karamellpudding.
Veldig godt :-)
 
Under denne aleen med tre var det fint å parkere.
På sommarstid med høge temp måtte dette vere heilt perfekt - og fint og grønt.
 


No var det alt langt på dag, og skulle vi komme ned til kysten i "skikkeleg tid," var det ikkje tid til anna enn å køyre.
Dermed var det fire timar i bil  mens tankane snurra rundt druerankar, gamle byar, olivenlundar så langt auga rakk, og på slutten  -  blomstrande mandelentre.
 


Turen vår no gjekk i retning Murcia og vidare til Alicante og Altea.
Den første delen var nydeleg...

 

 
 
...som her med blomstrande mandeltre i solnedgang.
Seinare vart det motorveg, men då kom mørket sigande.
Kl 20 svinga vi inn i Calle Belgica etter fire dager på tur i Spanias varierende og fantastiske natur.
 
 
Tusen takk Solveig og Arne, for nok ein flott tur ilag med doke !
På neste tur håpar eg det er campingbilane som er på vegen...:-)
 
Håpar at bildene mine kan vere til inspirasjon til å ta ein biltur bak strendene...
Spania er så uendeleg mykje meir en strand og sol.
Det er rimeleg å leige bil, og du skal ikkje så langt inn i landet før det opnar seg ei heilt anna verd en strandpromenader og turister i kø.
 
 
Takk for besøket til doke som ser innom...
 
Ha ein fin dag !