mandag 23. juli 2012

Vårtur i Spania - nr. 3






På vegen mot Albacete





Klikk på bilda for å få dei større !





På ein dag som denne med regn og vind, passer det godt å dykke ned i bilda
 frå ein solfylt vårdag i Spania.


Vi starta køyringa denne dagen etter ein fin morgontur i Tarifa ( sjå del nr. 2 )
Meininga med denne turen var å ende opp på Algarvekysten.
Men der var det lova regn i mange dager, og det var lite freistande.
Vi bestemte oss i første omgang å køyre mot Gadiz.


Vi køyrde N 340.
Det var eit flatt landskap og så fargerikt og flott at det var eit syn.
Desse bilda har eg tatt gjennom bilvindauget og i fart, så det vart eit  akvarell liknande resultat...:-)
Dette er mellom Tarifa og  Vejer de la Frontera.









Vejer de la Frontera er ein av desse kvite gamle bakketopp- byane.


Den har ei flott utsikt over Gibraltar-stredet og er omgitt av frukthagar og olivenlundar.
Her er fleire gamle kyrkjer og kloster.



Ved San Fernando tok vi av fra vegen mot Gadiz og istaden køyrde ut mot ...

...Chipiona som er ein typisk badeby.
Det var 1. mai denne dagen, folk hadde fri og kosa seg på stranda...

...og spaserte på strandpromenaden...
For oss vart det eit kort opphald her...

Vi køyret tilbake til El Puerto og vidare mot Sivilla.
Værmeldingane fortel oss at det er innlandet som har sol og god tmp.
Vi tar av fra motorvegen og over på N 333
Forsatt er det eif flatt lanskap vi reiser igjenom





Dette var ein dag der turen vart til under vegs :-)
Vi var innom mange småbyer og mange sidevegar.
Våren er ei fargerik og fin tid å reise på. 


Her på landsbygda i Andalucia i byen Ecija hadde vi eit stopp.
Den har over 20 kyrkjer og ligg 85 km øst for Sevilla.


Ecija.



ds.


Så er vi i Priego de Cordoba.
Dette er ein by og kommune i den sørøstlege delen av Cordoba.
Den elste delen av byen er Barro de la Villa.
Den er avgrensa på den eine sida av byens naturlege festning, ei høg klippe.
Smuga som slynga seg opp til denne delen av byen er i maurisk stil



Takka vere GPS, fann vi dette sjarmerende hotellet heilt på toppen av denne byen.



Eg tar doke med på rommet - det var så fint...:-)





Vi hadde ein flott kveldsrunde her oppe i den gamle by
delen










Så er det tidleg morgon.
Morgontåka ligg ennå nede i dalen og blanda seg med røyken av alle båla...




Det er ei nydeleg utsikt ut over den flotte dalen...





Etter ein flott morgontur, kaffi og croasant på kafe er vi igjen klar for ein ny dag på vegen.
Eit tilbakeblikk på byen viser kor flott den ligg til på den høge muren.

Vi køyrer småvegar til Jaen
og denne dagen er det ei reise gjennom Spanias olivenområde.

I 85 % av arialet i  provinsen Jaen blir det dyrka oliventre. Det blir dyrka over 50 millioner tre
Jean bidrar med over 45% av Spanias olivenproduksjon.
Når avlingane er gode, gjev det arbeid til over 100 000 mennesker. 


Å køyre igjenom dette området er som å køyre mil etter mil igjenom ein samanhengande hage. 
Det er eit bølgande teppe av oliven på sletter, dalar og åsar.
Må opplevast :-).






Fra Alcala la Real...



...med det imponerende La Mota Fortress på toppen
Elles er her mange flotte bygninger, kyrkjer og slott.


Utsikt over byen.





Så er vi igjen på hjul...:-)










Her ser vi den enorme katedralen i Jaen.
På innsida er det heile 17 kapeller og det største er dekorert av Juan de Aranda i det 17. århundre.
Den vart beundra kun på avstand :-)



Så køyrer vi den beine vegen fra Jaen og mot Albacete




....oliventre og asfalt..



...olivenlundane tek aldri ende der dei flyt over åsar og dalar.



Her er gravearbeid, kanskje utskifting av tre ?





Ein stor opplevelse å farte rundt i disse eineståande områda !






Gjennom tettstadar og småbyar



Plutseleg kom eit fantastisk fargeskue tilsynes; irrgrøne marker, gule blomster og rødt jordsmonn!




Vi må berre nyte dette landskapet på dei Andalusiske høgsletter....



...med ruinar...



...nydyrking....



....gamle lagerbygg..




...og flotte tre som gir skugge.



Bølgjande landskap, nydelege fargar !




Ein nedlagt jernbanestasjon midt inne på sletta !





 Her på stasjonen var det liv og røre for nokre ti-år sidan.



Uendelege vidder !



Her var stille og ikkje eit menneske å sjå nokon stad - knapt bilar på vegane.
Berre susen av vinden som bles igjenom kornåkrane høyrde vi...








God skilting etter hovudvegane, ikkje vanskeleg og finne fram når vi i tillegg har GPS og kart.

Vi nærmar oss no.......


ALCARAZ.

Ein eineståande kulturhistorisk liten by.



Vegger frå eit slott frå 13.århundre.



Ved å gå rundt i byen er det mange interessante bygningar å sjå. På Plaza Mayor frå 1600-talet kan ein beskue Trinidad og El Tardon-tårna.





Utsikt frå toppen..


Det beste er å vandre i gatene og oppdage dei interessante områda i denne landsbyen i La Mancha-regionen.







Bilda viser den nedlagde jenrbanestasjonen ved Alcaraz som står til nedfalls. Andre stadar er
stasjonane teke i bruk som lager, restauranter o.l.

Spania har rusta opp ca 1700 km nedlagde spor som ein Greenway for sikker sykkelturisme og foturar.
Dette må vi prøve seinare.






Vidare østover mot Albacete gjennom gamle byar...



....gjennom eit dalstrøk....



.....til vi nærmar oss Albacete med dei enorme....,



...endelause høyslettene !!




Frå den små byen Chinchilla de Monte Arago med den store borga, som ligg på ei høgde på sletta....



Her har vi ein fantastisk utsikt i alle retningar....




...i solnedgangen !





Solnedgang over Chinchilla de Monte Aragon




Dueslepp fekk vi sjå her... fuglane var farga i mange kolører som var fantastisk å sjå mot solnedgangen...og vindmøllene !



Så gjekk sola ned - og vi tok strake vegen heim att til Altea i kveldsmørkret.
Ein fantastisk tur var over for denne gong !


Mange av bilda i dette innlegget er av blanda kvalitet. Dei er ofte tekne igjenom bilruta og i fart.
Håpar likevel at dei gjenspglar noke av Spanias mangfoldige natur.


For oss som likar å køyre bil og å reise uten ein fast plan over turen er dette topp.
Håpar det kan vere til innsperasjon for nokon....:-))




Han ein fin kveld og takk for besøket på bloggen !