tirsdag 26. juli 2011




Litt rundt omkring i Askvoll kommune 



26. juni var ein dag med løfter om sommer...

Slike dagar er til for å nytast - eg tok meg ein liten fototur....




I Staveneset var det sommer...


...det var det også på Stubseid. Dei to flotte gamle gullregntrea var på hell i blomstringen, men på markene var dei gule soleiene i full utfoldelse...


Ein liten tur til Kvammen vart det også.



 Dette gamle huset har nok hatt sin glansperiode for lenge siden.
Synd det ikkje er blitt tatt vare på...


Litt forfall var det her også, men båthavna i Kvammen var fin...:)


I Flokeneset var slåtten i full gang...


...og det lukta nyslege gras og sommer...


Ved Helle teglverk er det fint.



...og  det gøymer seg mykje historie  bak denne skogen


På gamle stier er det fint og gå...


Kvelden vart fin -  motivet er fra Grimelia.

19. juli

Ein invitasjon til å komme på besøk i "Jimhuset" på Kumle var kjekt å få!
Tusen takk Ellen Grethe og Arne for ein kjempehyggeleg ettermiddag :-)




Vi fekk også tid til ein tur til Herland...


Denne ettermiddagen var det stille her, men eg reknar med det blir meir fart til helga med Krabbefestival!!


Restaurert sjøbu på Kumle

Vi har hatt mykje skiftande vær i sommar. Den siste tida har vore prega av mildt vær med mykje lyn,  torden og kraftige regnbyger



Igjen har eg vore på tur med kamera...:)



Fra ein tidleg morgontur til Staveneset


Sola var framme av og til, men regnbygene truga i det fjerne...



...også på Korsnakkjen var det fare for regn...


Trur sauene leitar etter ein stad og gå inn under. Dei føler nok på seg at dei kan bli våte i ulla...:)



Var også ein tur til Ospedalen.
Regnet kom ikkje før eg var trygt tilbake i bilen - då opna slusane seg...


Fra ein vakker og hyggeleg kveld i Grimelia...:)



Bilda er tatt i låg kveldsol.







Ein vakker solnedgang - bilda er tatt i Grimelia.



I Askvoll har det vore Skjærgårdstreff i helga.
Mykje båtar og folk var samla i sentrum. Men den forferdelege hendinga i Oslo og på Utøya la nok ein demper på stemninga...



Når det meste av programmet  var over, vart himmelen nesten svart, og regn og vind sopa over Askvoll og festområdet...



Då er det kjekt når det så snart lettar opp igjen, og at det finst slike vakre stader... 



...og ein kan finne ei grind og gå igjenom...


 
...og finne ein stad og sette seg ned og nyte den vakre kvelden...
 Det er mange tankar som kjem fram etter ei slik rå og brutal  handling som vi har vore vitne til desse siste dagane. Det er så uendeleg trist og uforståande...



snart går sola går ned, og det kjem ein ny dag...


Takk for besøket på bloggen - trur det blir fine dagar fram over...:))

tirsdag 19. juli 2011




Late sommerdagar i Stongfjorden.



Her hos oss på residensen i Størdal (har eg høyrt det blir kalla) har vi hatt fullt belegg i lenger tid. Været har ikkje vist seg frå si beste side heile tida, men humøret har vore på topp og aktiviteten stor.
Vi har levdt det gode liv og gjort stortsett det vi har hatt lyst til...:)


Klikk på bildene, så blir dei større!


Her blir det klekka ut nye ideer og gjeremål mens vi venter på sola....


Fisking er stas. Fangst har det blitt også. Fiskekaker og gratenger har stått på menyen mange dagar.




....men skodda heng langt ned over Stauren :)



Kveldane har vore mørke og regnfulle, men vi har tent lys i lyktene og laga bål i gryta...


Men så ein ettermiddag lysna det i skydekket. Skodda letta, himmelen vart blå og sola skein ...


...og ungane vart glade...:-))


Brettspela fekk komme ut....


...og lyset vart forferdeleg stert !! :)


 Andrea går til aksjon :)



Vår kreaive vesle dame, henta dyne, soveposer og sine små kavalerer. Det vart bestemt at dette var kvelden for overnatting i den sjølvlaga lavoen (som ennå ein gang var satt opp) Stokkane er som tidligare nemt barna sjølve som har hoggd i vinterferien. Det vart ei hektisk jobbing, men endeleg var alt komme på plass - barna også - og vi trudde at de skulle bli ein stille kveld :)


 I Størdal vart det ein fin kveld


Eg følte behov for ei stille stund for meg sjølv og tok meg ein liten tur...
Her var det også fint :)


...men tåka låg på lur i Olav sitt rike...

Då eg kom heim var det ennå noen doturer som ikkje var unnagjort og noen glass med vatten var det også som måtte drikkast  Kl. halv 1 sov alle barna i lavoen...:)

5. juli


...like til neste morgon kl. 9 - sjølv om den eine låg halvvegs ute...:)
...og fy søren så spennande det hadde vore...:)


Men tåka var på plass i fjorden...


...den lette fort, og vi fekk ein flott dag med mykje aktivitet...





Desse små badejentene er så fine, og så kjekke å erte på...


Ein triveleg gjeng!!





Hei, skal eg ta ein dans for deg, bestemor...:)


Så var vi endeleg på veg mot solnedgangen...
to som ville, og to som ikkje ville på tur...
Eg er god på forhandlinger og overtalingsteknikk, så alle hadde ein fantastisk kveld til slutt...:)


 Det er berre lækkert...




Dei to mest ivrige fiskarane var klar til å få den lange langa som skulle vere lenger en den lengste vi hadde fått før :))- igjen !!


Det var stille i Dalen i kveld.

 Dei to andre som måtte lokkast med chips, sat ned under...
Hei, doke to...




...det hjelper ikkje å spele uskyldig - vi veit at doke har ete chips...!!
de skulle ikkje ha alt åleine...




ut å nyt dette blanke gullhavet...

 
...vi kan spegle oss !!




Her ute bur dei store langene...:)
...men dei ville heldigvis ikkje bite på kroken på ein slik fin kveld...


Desse bildene talar for seg sjølve.






ein tålmodig fiskar i solnedgang...


Så er det på tide å fare inn igjen i fjorden

Ikkje meir fotografering - det er nok for denne kvelden !!


Vi seier det ikkje til nokon - men Håvar og dei andre ungane bada kl. halv 2 om natta
etter at vi kom heim fra båtturen :-)


Onsdag 13. juli var plutseleg alle borte.

Vi har hatt noen kjekke og travle veker. Masse besøk av både store og små. Takk til alle som har vore innom oss og gjort desse vekene til eit fint sommerminne!!
Ennå er sommeren lang, og det er alltid kjekt med besøk ! :-)



Dette vart også ein Staveneskveld med fine fargar





Månen kom opp over Granesundet.

Torsdag 14. juli



Dette var ein nydeleg sommermorgon der fjorden var uten ein krusning.



Eg hadde tenkt ei stund at eg ville til Stubseidvatnet på fototur. Dette var morgonen for det.
Det viste seg at det var fortidleg på morgonen til å få gode bilder av vannliljene,
men eg hadde ein fin tur i vakkert natur med morgondugg i graset :)



Lyng med duggdråper på...




Dette var ei av dei få som ville opne seg denne morgonen...


Fredag 15. juni


 Var igjen tilbake ved vatnet - litt seinare på dagen denne gangen...
Med litt forsiktigheit går det an å gå rundt heile vatnet. Det var  fint og stille, masse blomster var der, det var eit fantastisk  vakkert syn. Eg hadde selskap med mygg, klegg og flått og det var til tider ganske heftigt...
Bilder fekk eg også, men eg klarte ved eit uheld å slette ein heil del :-(



..så dette var det eg hadde frå denne dagen...



Ein liten runde ned om Grimelia var eg også. Der var det stille og fredeleg.

Alle var fornøgde og gleda seg over den varme og fine sommardagen...:)



Lørdag 16. juli var også ein varm og fin dag. Eg var ikkje heilt ferdig på Stubseidvatnet :-)
men hadde ein liten tur til Staveneset først...



Det er sommer!!




Kaprifolen blomstrar fint  ute langs fjorden no.


Denne dagen var det ekstra stille på vatnet og heilt perfekt for makro...
Eg fekk mange fine bilder og eg kosa meg :)







...men eg reiser ikkje på fototur til Stubseidvatnet uten at eg på førehand har sikra meg med både vakt og sporhund med førar :-) Vatnet her er skummelt om ein ikkje er forsiktig...
Til Oskar og Petter Jonny, takk for ein hyggeleg prat! :)




I skrivande stund ser fjorden slik ut. Det er vakkert her og områda rundt Stongfjorden er rike på flotte naturopplevelser.
Ønsker doke forsatt fin sommer og takk for at de er innom bloggen min :)