søndag 29. mai 2011

Maivær i områda rundt Stongfjorden.




Maivær

I skrivende stund ser eg ut på ein grå himmel og regndroper som plasker i våt asfalt. Dette er for meg den flottaste tida på året og eg skulle apsolutt vore ein heilt anna plass en her, -  framfor pc'en. Ja, det går an å kle seg etter været og komme seg ut, men når regnet har sila ned i vekesvis då blir det etter kvart eit tiltak. Derfor har eg dukka ned i biledarkivet mitt og tatt eit lite tilbakeblikk...... 






26. April

Har gått tilbake til siste dagane i april. Det var eit nydeleg vårvær, litt kaldt men varmt og fint i sola. I Staveneset var solnedgangen finare en på lenge...eg var der og såg det....:-)





3. mai

Dei fine dagane tok vi med oss inn i mai månaden. Temp. steig gradvis og vi hadde håp om ein fin vår.  I Holevika var det ein still og fargerike kveld.. Berre lyden av bølgene mot stranda og fuglekvidder braut stillheita. Eg tenkte at jammen er eg heldig som får oppleve dette-----:-)


6. mai

Morgonstemning i hagen. Rododendron er snart klar til å sprette ut.




9. mai

Dette er den hittil varmaste dagen dette året. Det var som om alt i naturen spratt ut på ein dag. Temp var godt over 20 grader. Eg pakka sekken og for på oppdagelses tur til Grimelia. Målet mitt var å finne vegen til Stavestranda - eg kom halvvegs, då gjekk eg tilbake...Hadde ein fin tur og ein koseleg prat på tunet til Dag etterpå. Det vart ein nydeleg kveld, så derfor vart det to turar på meg denne dagen. Trur nesten eg aldri har sett Stavfjorden så blank....








10. mai

Finværet held seg, og igjen har eg hatt meg ein liten kveldstur...Den gode sommertemp. som vi hadde, har nok normalisert seg litt, men ennå er det bra... 




11.mai

Eg har starta vårarbeid i hagen, og denne kvelden kom eg ikkje lenger en til mi eiga fjære....
....men her er flott, og så er det så fin utsikt til Stupseidsvingane...:-)



12. mai
Denne dagen og kvelden var og lun og fin. Godt arbeidsvær både ute og inne.Vi fekk besøk av gode venner fra Måløy. Kosa oss med hjortefilet og prat både fra nå tid og fortid til langt inn i solnedgangen.




15. mai

Ennå er det fint, men grå skyer har dukka opp både her og der....
Ein tur vart det i dag også. Ein del svingete vegar og motbakker kan det av og til bli, men eg finn som oftast vegen og  møter mange små eventyr på mi vandring....




17. mai

Det var ein dag med både sol, regn og vind. i min hage er det begynt å blomstre...



19. mai

Det er regn og atter regn. Elvane veks og vinden bles vattnet ut i det grå... Det var så gale at her var det nesten uråd å gå ut av bilen - men blomstrene trivest :-)
I Staveneset titta sola så vidt fram...



21. mai

Hadde ein ide om at styggeværet kunne gje meg nokre gode fotomotiv... Derfor reiste vi ein tur opp over til Kråkenes. Det var ein tur i samanhengande vind og regn. Kunne nesten ikkje oppne hverken dører eller vindauge. Har no forstått at i synnavind blir det ingen bølgebilder på Kråkenes, berre sjødrev og vått og kaldt...:((  Det vart eit kort opphald, og vi var glade vi kom oss over Måløybrua før vinden auka ennå meir. 26 knopp då vi paserte over og hurtigbåten under...
Vel, fasinerende var det og fleire turar oppover blir det - i nord eller vestavær...:)



22. mai

Sola er framme av og til, men berre i korte augneblink...




23. mai

Regn og vind!! I Eidsfjorden finn geitene hus under fjellhamrar, einebusker og i tunnellar. Eg er heilt sikker på at dei også ønsker seg ein finare vår - snart sommer !!



Eg har lagt til side fotoapperatet, -  tar det ikkje fram før sola kjem fram !! Hadde det ennå vore tåke som kunne skapt fine og spennande motiv....
Elles så skjer det kjekke ting over alt, uavhengig av været. I Stongfjorden har det vore 10 årsjubeleeum for grendahuset. Mykje folk og stor stemning  Gratulerer med overstått feiring !!
På Askøy blir Andrea 11 år i dag - stor klem til henne !!
Når eg no løfter blikket mot vindauget, ser eg eit gløtt av sol....:))

Ha ein fin dag, doke som titter inn til meg på bloggen !!
Eg er klar for juni :)

søndag 22. mai 2011



Ei fin vårhelg i Balestrand.


Kviknes Hotell.

Det var Balejazz, nydeleg vårvær og inv. på telefonen til å komme til Balestrand :-) Skulle egentleg vore heime og jobba i hagen, men det tar vi ein annan gang...Vi fekk med oss ein  flott konsert. Etterpå beundra vi hotelle'ts vakre og historiske saler og salonger. Kviknes hotell fra 1894 er eit av Norges  største trebygninger.  Det var ei heilt spesiell stemning og med den nydelege vårkvelden / natta ute vart det ein fantastisk kveld.


Søndagen vandra vi rundt i Balestrand og beundra den flotte byggestilen, jazzatmosfæren og det nydelege været og naturen :-)

Desse sveitserhusa er fantastisk flotte, men det er nok litt av ein jobb og halde dei vedlike og i god stand - noke dei aller fleste er i.






Sankt Olafs kirke el. den Engelske kirke som den blir kalla for.



Ein liten runde til Dragsvik og aboreet fekk vi også tid til. Det var ein lun og fin plass med mange store og gamle treer.




...og ein liten tur i fjæra...




Kvamsøy kyrkje frå 1280 - 1300 er bygd i stein og ligg fint til på den vesle øya Kvamsøy.

Vi hadde ei fin helg ilag med gode venner i Balestrand. Tusen takk til Målfrid og John Andreas for flott opphald og god gaiding!!


Til alle som ser innom bloggen min - kos doke med bilder fra eit flott destrikt !! (sjølv om det vart mest hus denne gangen)

Takk for besøket og ha ei fin veke :))

tirsdag 10. mai 2011




Fra Atlanterhavsvegen og vidare....




Etter ein koseleg ettermiddag i ein hage i Molde, med nykokt kaffe og fersk gjærbakst, reiser vi nå videre.
Planen vår var og overnatte på Bud, men sjølv om det var sommertemteraturer i Molde, var det her ein kald nordavind som bles gjennom marg og bein.
Oppholdet der vart kort, så vi forsette videre mot Atlanterhavsvegen.


Eit lite stopp ved Hustadvika vart det denne gangen også.


Det var stille og fint då vi kom fram på Atlanterhavsvegen. Ein nydeleg kveld ilag med andre turister.



Morgontimane er flotte, så også her....

Til minne over omkomne på havet. Dette minnesmerke står her ute mellom bruene.

Før nordavinden tar over...



Vi fekk etter kvart ein dag med sterk vind, men sola var framme så vi bestemte oss for ein fjelltur denne dagen også. 
Fra bruene på Allanterhavsvegen, køyrer vi no tilbake mot  Skotten. der tar vi av retning skytebana.
Melen som er målet er 769 m og er den høgste toppen på den flotte fjellryggen som strekkjer seg ut mot Hustadvika vest for Averøya. Herfra ser vi store deler av fjella på kysten. Det er ei flott utsikt til Hustadvika og Atlanterhavsvegen.





Her er det bratt....




Det var ein iskald vind opp over, men på toppen var der ikkje ein vindpust.






På nedturen traff vi hyggelege Nordmøringar som gav oss info. om fleire fjellturer her oppe

I låglandet pynta kvitveisa opp.


Fra Farstad

Farstadstranda



Vakker natur


Utsikt til Åndalsnes


På veg opp Romsdalen


....eg er så sint på deg at eg sprekk snart...kom deg vekk!!


Fjellgard

Strynefjellet...har hatt mange flotte turer i dette området.


Solnedgang ved Heilevang




Bilde tatt fra Gjelsvika



....og fra Flokeneset




Har hatt ein fin rundtur, treft mange hyggelege folk og sett mykje fin natur. Å vere bubilturist er ein fri måte og reise på. Turene blir oftast til under vegs. Der du kjem i kontakt med folk som er imøtekomne og fortel og kjem med tips om staden, blir vi gjerne ein dag ekstra og får lyst å komme tilbake ein annan gang....


Takk for besøket på bloggen til doke som stikk innom :-))