tirsdag 26. april 2011

Påska er over.

Det var mange fine dagar i påska.

Då finværet kom

Ein vakker kveld

....og morgon...

Bilde er tatt fra Størdal

 Siste dagen i påskeferien, og Even lurer på om skodda forsvind.


Det vart ein fin kveld - bilde er fra Grimelia.

( Alle bilda er tatt i området rundt Stongfjorden )

torsdag 21. april 2011

Aprilvær.



Aprilvær.

Onsdag, 6 april

Etter 3 veker i Spania og med strålande sommervær dei siste dagane før heimreise, var eg heilt klar for ein fin og mild vår når vi kom heim. Slik vart det ikkje. Det regna og bles ei heil veke til ende og det var kaldt. Det var slett ikkje vær til å ta med cammeraet på tur, men trangen etter Staveneset var stor, så mellom to byger vart det ein tur. Sola var der ein liten snartur også.....



Torsdag, 7. april

Denne dagen såg ut for å bli ein fin dag, men det var tidleg på morgonen. At eg likar og fange øyeblikket, er ingen hemmelegheit, så eg var ein liten snartur utover på morgonkvisten. :) I Åreskogen ( trur det er rett navn) var det så fin morgonsol, at eg rett og slett måtte stoppe. Sola var der akkurat så lenge at eg fekk tatt bilde:)Eg hadde sett meg ut eit motiv lenger ute og parkerte bilen, og akkurat idet eg gjekk ut, såg eg den første kusymra dette året. Ho var gul og fin og var ein god påminning om at det var vår. Eg fekk ta eit bilde av den... ....og så var batteriet tomt :( Dette var noke eg hadde bestemt meg for at aldri skulle skje.!!...så det vart med dette bilde :)




Fredag, 8. april.
Dette var også ein dag med regn. Litt meir byer,-  det gjekk faktisk an å tørke klær på klesnora. På ettermiddagen var det tunge mørkeblå skyer med ein og anna solgløtt inn i mellom. Den finaste motivet denne dagen  fann eg på Helle. (var på handletur) :)



Lørdag, 9. april
Det var  fint, stille og litt disigt, og  fjorden var akkurat så fin som den skal vere :) Eg hadde min første dag i hagen. Vinteren har vore snill med plantene. Litt vårlyng har tørka ut, men elles ser det bra ut.



Søndag, 10. april.
Endeleg steig gradene, 15. + og sol. Hagestolane kom ut, vi hadde koseleg besøk og  drakk kaffi i hagen :) Fineværet varde heilt til kvelden. Då var det sterk vind, og stolane fekk komme inn igjen. Eg var ein liten runde med cammeraet på kvelden. Alltid kjekt å komme tilbake til ein stad....:)
 No kl. 24.00 13 grader + :-))



Mandag,11. april

11 grader på morgonen,  oppholdsvær og vind. Tunge grå skyer over Toreheia og likeins ute i havet. Regn blir det nok før dagen er over. 


Tirsdag.12.april

Ein fin og lettskya dag. Lenge sidan eg har vore ut over til Stavang og områda der ute, så i dag vart det ein tur. Vegen fra Naustdal er forsatt stengdt det meste av dagen, så derfor vart det først utover til Eikefjorden og videre ( med  avstikkarar ) mot Stavang og Stavøya. 
Fekk også henta campingbilen fra vinterlagring. Nydeleg, stille vårdag...

Frå Barlindboten

Gamle hus på Stavøya

Frå Veiesund

Vognene er tatt ut frå vinterlagring, -  klar til å hentast.

Onsdag, 13. april

Igjen ein fin vårdag. Litt kaldt på morgonen. På turen til Stongfjorden møtte eg regnbygene, men i Flokeneset var det igjen sol og klarvær.
Flott info. møte i Stongfjorden om helleristninger og gravrøyser i Staveneset.


Fredag15. april

Ein dag med overskya og kjøligt vær. Hadde ein tur bort om Grimelia og gjekk ein fin tur i markene der ute.




Søndag, 17. april

Denne dagen var det regn og atter regn. Det var så deprimerende at bildene vart der etter. No har eg høyrt rykter om at desse bygningane syng på siste verset, og når forfallet er så utprega som her, vil eg tru at alle må vere glade for å få dette bort.
I Grimelia og alle andre stader, vaks elvane seg opp og vart svært store. Der ute skapte dette  stor spenning...:)) 




Dette var ein dag med berre regn og skodde!!

Mandag, 18.april

 Det var yr og skodde på førmiddagen, men det vart ein nydeleg kveld. Den første etter mange dagar med regn og gråvær. Min tur vart til Staveneset :)





Til påske har vi gang på gang fått høyrt at det skulle bli finvær. Det er mildt og stille, så om det letter opp no skulle det bli bra. Hos oss er det full aktivitet. Lavoen som var tatt ned tidlegare i vinter, er no sett opp igjen. Mellom kvar runde på sjøen for å sjekke teiner og snikar, er den tilholdstad for nye eventyr :))

Ha ei forsatt god påskehelg !!

lørdag 16. april 2011

God påske til alle som ser innom bloggen min :-))









fredag 15. april 2011

Nr. 6 Litt rundt-omkring på Costa Blanca


Litt rundt-omkring på Costa Blanca


Eg er glad i både soloppganger og solnedganger. Naturleg nok blir det mest av det siste, men denne morgonen var vi tidleg i gamlebyen for å få med oss sola som steig opp frå havet. Det er ei herleg tid å vere ute på. Her oppe er det ennå stille, men folk kjem litt etter kvart ut i gatene. Kostar og pusser opp etter natta og dagen før, slår av ein prat med naboen og går etter kvart til sine gjeremål for dagen


Her frå uterestauoranten til Åge er det flott utsikt til soloppgangen..



...og siden eg står her på trappa til Casa Vital og tar bilde, må er nesten nytte anledningen til å skryte litt av denne plassen Her ifra kan du vere med på byvandring i gamle Altea, få med deg ein fredagskveld med vinsmaking eller ein konsert /musikk /flamenco - underholdning på lørdagskvelden. Eller rett og slett berre nyte god mat og vin i bodegaen :))

Soloppgang mellom husveggane ..

Altea i soloppgang






snart er det eit pulserende liv i gatene og byen...

...eg vil gjerne ta doke med på fiskehavna og møte fiskarane når dei kjem inn med nattas fangst.

Båtane kjem inn...

Livet på kaia...







...så er fangsten levert og båtane legg seg fint på rekke klar for ny tur til kvelden.

Dei litt eldre driv sin form for fiske, kosar seg og tar livet med ro...


For oss nærmar dagen seg for heimreise. Berre ein tur er igjen, og det er fototuren til Albufera.
Albuferasjøen er ein saltvannssjø som ligg ca. 11 km. sør fra Valencia. Her er nydelege solnedganger og mange flotte fotomotiv. Ein populær plass og ta bilder på...











Med desse bildene avslutter eg Spaniaturen min. Nå ventar eg på ein fin vår og håpar på mange muligheiter for nye turar og bilder. Eg vil sei tusen takk til alle som er innom bloggen min. Det er kjekt å legge ut bilder når det er så mange som viser interesse for dei. Hittil har eg hatt besøk fra 10 ulike land. Ønsker alle ei fin påskehelg og velkommen til å vere med videre i mi bildeverden !!

Ha ein fin dag :)