torsdag 18. november 2010

Fra Staveneset



                               Fargane i skyene forandra seg etter at sola har går ned.
Dei første dagane etter heimturen fra Spania har gått med til å pleie ein medbrakt forkjølelse.
I kveld vart derimot trangen etter ein visitt til Staveneset så stor at eg tok turen utover.
Fekk med meg heim ein del bilder :)
Sola går no ned bak Alden, men lyset var flott, likeins fargespelet i skyene.
I Staveneset var det fredeleg som alltid, berre ein var ute og sette teiner ...håpar han får fangst!
Også ein oter og eit par niser var på leit etter mat....

onsdag 17. november 2010

Altea

Velger å avslutte Spaniabildene for denne gang med desse fra Altea by.
Altea ligg med sine kvite hus på toppen av åsryggen med fri utsikt til Middelhavet.
Gamlebyen er spesiell og representerer det gamle og pettorianske Spania.

Gatelykter

Bogenvillaen blomstrer

Appelsinene er snart modne

lørdag 13. november 2010

Solnedgang ved Albufera.

Etter 4 veker med sol og varme i Spania, var kveldane på fototurer til Albufera eitt av høgdepunkta :)

Kvifor? Jau, difor :-))

Fotografering er min største hobby, og eg har no bestemt meg for å vise mine "best of" bilder på min eigen blogg - til glede for mine venner, familie og andre som finn vegen hit.

Eg set stor pris på å få tilbakemeldingar på bilda mine - både konstruktive og hyggelige kommentarer. Om du ønsker å bruke bilda mine, enten det er i trykte medier eller på internet, kontakter du meg for avtale.